|
Ver med på utviklinga av
Lærdal Sport- og Helsepark!
Ferie, rekreasjon, sport og helse i eitt med naturen.
Ver med på utviklinga av eit komplett reiselivsanlegg i Lærdal. Vi er godt igang, vi har drive og utvikla Lærdal Ferie- og Fritidspark og Lærdal Sport og Rekreasjon dei siste 16 åra, men vil gjerne ha di hjelp til å bli enno betre!
Du som kunde er vår beste ambassadør, og derfor utviklar vi oss i den retning du og storparten av våre gjester ynskjer.
Vi planlegger Lærdal Sport- og Helsepark (LSHP) som ein del av Lærdal Ferie- og Fritidspark innan 2-3 år med bl.a. svømmebasseng, velvære- og treningsfasilitetar, fysioterapi, smerteklinikk, treningstestsenter og leikepark for barn med bl.a. store trampoliner, trøbilar og syklar etc.
VINN 5 SYKLAR:
Gje dine tips og råd til oss i vidare utvikling av Lærdal Ferie- og Fritidspark og ver med i trekninga av 5 moderne syklar!
Leverer du min. 1 tips eller råd skriftleg på denne nettsida med ditt navn, adresse, e-post og tlf. er du med i trekninga av 5 topp moderne syklar den 1. desember 2010.
Ordføraren i Lærdal vil føreta trekninga kl. 13.00. den 1. des. i resepsjonen på Lærdal Ferie- og Fritidspark
Dette er det offisielle startskotet for detaljplanlegginga av Lærdal Sport og Helsepark.
Skund deg og legg inn ditt bidrag!
Du kan legge inn tips og råd her frå 15. april 2010.
Du kan og komme innom resepsjonen på Lærdal Ferie- og Fritidspark eller send oss gjerne dine tips til: Lærdal Ferie- og Fritidspark, P.b. 7, 6886 Lærdal.
Gje ditt bidrag i utviklinga av eit komplett reiselivsanlegg for framtida i Lærdal ved Sognefjorden!
|